Austre Tveit (Evje og Hornnes gnr. 18 bnr. 1)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 07:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruket til Sven og Marit.

Austre Tveit (gnr. 18 bnr. 1) er eit gardsbruk på Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Husa ligg tett attmed Fylkesveg 42. Den kjende symaskinagenten i Hornnes, Torbjørn Tveit («Singer»), hadde gardsbruket 1931-1948. Det året selde han mesteparten av bruket til Torleif Kjetså, og bygde seg nye hus ikkje langt unna sin tidlegare heim. Seinare vart bruket seld vidare til andre. I dag er det Sven Reiersen og kona Marit Gjone Reiersen som eig og driv han. Dei overtok i 1981, etter far til Sven. Dei driv med vinterfora sau og kjøttfe av rasen Limousine.

Kjelder

Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 437-444