Bjugsbakk (Valle gnr. 68 bnr. 451)
Bjugsbakk (Oppistog) er ein eigedom (gnr. 68 bnr. 451) sentralt på Rysstad. Eigedomen har eit areal på om lag 2,6 daa, og blei skild ut frå gnr. 68 bnr. 294 i 2017. Bustadhuset på eigedomen er svært gamalt. Det same gjeld låve, loft og eit eldhus. Før utskiftinga i 1880-åra stod bygningane oppe på sjølve Bjugsbakk, om lag der Setesdalsmuseet er i dag. Heimelshavar (2019) er Knut H. Rysstad jr.
Kjelder
- Kartverket.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 348-358