Bykle Vindu
Bykle Vindu AS vart etablert i 1984. Frå 1997 er selskapet eigd av Bykle Industri AS. I 2012 fusjonerte Bykle Vindu med Grindland Trevarefabrikk i Finsland. Produksjonen vart då flytta til Bykle kyrkjebygd, medan salgskontoret ligg i Songdalen. Etter fusjonen hadde Bykle Vindu 30 tilsette, medrekna fem i administrasjonen. I dag (2019) er det 43 tilsette. Svært mange av dei kjem frå andre land. Kjell Ole Homme er dagleg leiar.
Selskapet har hatt stor suksess med Isokitt-vinduet, som dei utvikla sjølv og lanserte i 2008. Det står for 80 prosent av produksjonen og har gjeve fleire store kontraktar. Fusjonen gav ein sterk vekst i inntektene, frå 2011 til 2012 auka omsetninga frå 23,2 mill. til 44,1. I 2017 var omsetninga kring 52 mill. I 2018 var det ein svikt i omsetninga på om lag 10 mill. Utsiktane er ljosare for 2019, med ei ordrereserve ved årsskiftet på rundt 8,5 mill.
Kjelder
- Torbjørn Witzøe: Vindusvekst øverst i Setesdal. Artikkel i Fædrelandsvennen mandag 15. juli 2013 side 14.
- Ole Birger Lien, Bykle Vindu 10 mill. ned i fjor, artikkel i Setesdølen nr. 5, 2019, side 4