Hannåsfjellet

Foto: Geir Daasvatn
Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune.
Ein tur til Hannåsfjellet kan starte frå Riksveg 9 nord for Gokartbanen. Derfrå er det ca 2,7 kilometer å gå sør-vestover til toppen. Først går ein på skogsbilveg og traktortraktorveg. Så tek ein av mot sør på sti. Dei siste par hundre meterane er det ikkje sti. Det tek rundt 1 time å gå opp på fjellet. Sjølve «toppunktet» er flatt.
Kjelder
- Otra IL «Ti toppers» info-skriv