Røysland hengebru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2018 kl. 11:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Røysland hengebru går over Otra mellom gardane Røysland og Lunden, nord i Valle.

Brua blei sett opp i 1912. Dreng Sveinsson (f. 1855) på Røysland bnr. 1 var heime frå Amerika ein tur, og gav pengar til bygging av brua. Ho var til stor hjelp; før ho kom måtte ein ro om ein ville over til andre sida av elva.

Brua var litt breiare den første tida. Då kunne ein kome over med hest og kanskje eit høylass. I dag er ho bare for gåande og syklistar.

Kjelder