Ropåsnes

Foto: Geir Daasvatn
Ropåsnes er eit lite nes som stikk ut i Otra frå vest, noko sør for Vassendøya i Bygland. Ved høg vasstand i Byglandsfjorden blir neset meir som ei lita øy. Grensa mellom Evje og Hornnes og Bygland går midt i elva her. Ropåsnes ligg på Hornnes-sida, på garden Senum sin grunn.