Valle folkebibliotek

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. november 2018 kl. 07:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sæbyggjen der biblioteket er frå hausten 2018.
Det gamle kommunehuset i Valle. Valle folkebibliotek heldt til i første etasje.
Foto: Harald Haugland
Det er koselig inne, og biblioteksjefen hjelper gjerne.
Foto: Siri Johannessen

Valle folkebibliotek heldt lenge til i det gamle kommunehuset i Valle. Men frå opninga av Sæbyggjen hausten 2018, flytta biblioteket dit. Biblioteket har og ei avdeling på Rysstad. Til saman er arealet 442 m2. Total utlånstid er 22,5 timar i veka i 45 veker. Lisbeth Dalquist Homme var biblioteksjef i Valle til august 2015, då tok Kjersti Torbjørnsen over. Gunnar Hillestad hjalp til i arbeidet frå 2006 til våren 2014 og Jan Torjus Ødeskaug frå hausten 2011. Frå 2016 har Tracy Lun vore assistent.

Valle folkebibliotek arrangerer bokkveldar og har eit godt samarbeid med skulane i kommunen. Dei arrangerer og ein lesesirkel i samarbeid med Aust-Agder fylkesbibliotek i serien «Agder les nordisk». Biblioteket skaffar bøker frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølv. Det er og med i ei ordning som gjer at du kan låne ei bok i Valle og levere den inn kor som helst i landet. Bøker som er lånte på andre bibliotek, kan og leverast inn i Valle. På utsida av biblioteket er eitt av dei mange internettpunkta i Setesdal.

Opningstider

Valle
  • Tirsdag 11:00 - 15:30
  • Onsdag 16:00 - 19:00
  • Torsdag 13:00 - 19:00
Hylestad
  • Måndag 13:00 - 19:00
  • Onsdag 11:00 - 15:00

Statistikk

Årstall Antall Utlån
Bøker Lydbøker Musikk Film Born Vaksne Totalt
2008 27792 952 968 727 3951 5384 9335

Eksterne lenker