Byremo vidaregåande skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2018 kl. 09:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting i bildetekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulen under ombygging 7. oktober 2017.

Byremo vidaregåande skule ligg på Byremo nord i Audnedal. Skulen tilbyr (2018) liner innanfor helsearbeid, mekanisk (TIP), bygg og anlegg og elektro. Skulen har også 1. år på studiespesialiserande line. Skulen har i tillegg søkt om å få utvide tilbodet med line for anleggsteknikk. Oppstart for vil i tilfelle godkjenning vere hausten 2019. Hausten 2018 var det 107 elevar ved skulen. Kapasiteten er minst 130 elevar. Rektor er Jan Telhaug.

I 2017-2018 fekk skulen nytt stort tilbygg, og heile den eksisterande bygningsmassen blei renovert. Utbygginga kosta over 30 millionar kroner.

Skulen er eigd av Vest-Agder fylkeskommune.

Kjelder

Eksterne lenker