Hopp til innhald

Håvard Viki

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. oktober 2018 kl. 19:33 av Siri J (diskusjon | bidrag) (samtykke i studio - Siri J)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Håvard Viki
Født: 14. oktober 1932 (93 år)

Håvard B. Viki (fødd 14. oktober 1932) er mekanikar og maskinreparatør med eige firma i Valle, der han sel mindre maskinar av mange slag, både snøscootarar og plenklypparar. I fritida er han sterkt engasjert i kristeleg arbeid og har kvar veke andakt på Valle Bygdeheim. I tillegg er han ein del av staben i Valle Radio, der han har ansvar for andaktsprogrammet Tankar frå Bibelen ein onsdag i månaden.

I desember 2011 fekk han og kona Vilborg Viki blomen for frivillig dugnadsarbeid i kyrkjelyden av Valle og Hylestad diakoniutval.

Kjelder