Tarald Nomeland
Tarald Nomeland (fødd 12. juli 1900, død 1987) budde på Nomeland i Valle. Han var lærar, lokalpolitikar og lokalhistorikar i Valle. Han sat i Valle kommunestyre i mange år og var ein ivrig debattant i aviser. Under andre verdskrigen vart han arrestert og sendt til Grini. Han kom heim 11. mai 1945.
Bibliografi
- Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 Utgjeven av Sverre Lund 1973
- Frå året 00 til 81. Minneoppgåve trykt i Agder Historielag Årsskrift nr. 62 side 84 til 97
Kjelde
- Omtale i Folkefest frå fjell til fjord 2011 ISBN 978-82-92920-25-1 side 245