Moseid

Foto: Geir Daasvatn
Moseid er ein gard (gnr. 3) på vestsida av Otra, mellom gardane Holtet i nord og Birkeland i sør, nord-vest i Evje og Hornnes kommune. Ein kan nokså sikkert gå ut frå at nabogarden i nord, Holtet, og heiegarden Vetrhus i vest tidlegare høyrde inn under Moseid-garden.
Mose er eit anna namn på myr. Eid kan bety stad der ein måtte dra båten forbi fossar. Truleg er det det lange myrområdet som strekkjer seg forbi Syrtveitsfossen på vestsida som har gjeve namn til garden.
Det er funne tre større gravhaugar på Moseid, alle oppbygde av kampestein. Den største og finaste blei teken bort på 1940-talet. I dei to andre har private folk grove utan å finne noko.
Kunstnaren Olaug Åsen har atelier og bur på Moseid.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 59-86
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, Arnstein 2006, s. 33