Aud Sunniva Fuhr
| Aud Sunniva Fuhr | ||
|---|---|---|
| Født: | 1968 (alder 57–58) | |
Aud Sunniva Fuhr (født 1968) er av Valle kommunestyre i møte 25. januar 2017 tilsett som rådmann i Valle kommune etter Eivind Berg.
Aud Sunniva Fuhr studerte på Universitetet i Agder etter vidaregåande skule. I 1990 tok ho 1. avdeling juridicum. I 1995 tok ho storfag i norsk med massekommunikasjon, deretter tok ho historie mellomfag på Universitetet i Bergen før ho tok pedagogikk på UiA i 1998. Ved sida av jobbane sine har ho seinare skaffa seg meir utdanning, først innan administrasjon og leiing på Høgskolen i Sør-Trøndelag frå 2001 til 2003, deretter innan styrekompetanse på BI i 2007, prosjektleiing i byggeprosjekt frå UiA 2008 og mastergrad i eigedomsutvikling frå NTNU 2012. Masteroppgåva hennar hadde tittelen Usikkerhet ved valg av kontraktstrategi i kommunale byggeprosjekter.
Frå 2000 var ho rådgjevar i skoledirektørens stab i Kristiansand i seks og eit halvt år, deretter var ho prosjektleiar innan eigedomsutvikling hos Kristiansand Eiendom. Frå 2013 har ho vore teknisk sjef i Lillesand kommune.
Kjelder
- Protokoll frå kommunestyremøtet 25. januar 2017
- Profil hos linkedin.com
- Artikkel i lp.no: Fuhr ny teknisk sjef