Kringlemoen gravfelt

Foto: Geir Daasvatn
Senum gravhaug er ein temmeleg stor rundhaug i skogen på Kringlemoen på Senum i Hornnes. Gravhaugen er ikkje vitskapeleg granska. Men dei fleste gravhaugane i Evje og Hornnes er truleg frå folkevandringstida (ca. 400-570 e.Kr.).
Det skal ligge ein gravhaug til i omlag same område.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 37-41
- Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, 2017, side 33
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 9