Lunnen (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 1)

Foto: Irene Falck Jensen

Foto: Geir Daasvatn
Lunnen er eit gardsbruk (bnr. 1) i Hornnes-garden (gnr. 15) i Hornnes. Heimelshavar er Gudrun Eldbjørg Lefdal (f. 1933).
Historie
Hornnes-garden blei truleg delt i to bruk rundt år 1632. Lunnen blei eitt av desse. Den andre halvparten var Der ute. Salve Nottoson Hornnes var den første kjende brukaren og eigarmannen. Det stod eit gamalt stabbur på garden. Men frå 1989 er husa inkludert stolpehuset og eit lite areal rundt skild frå bnr. 1 og har fått bnr. 143. Stabburet er truleg bygd i 1647 (eller 1642).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 335-343
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk