Alværn (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 22)

Foto: Geir Daasvatn
Alværn er ein eigedom (gnr. 1 bnr. 22) på Bukkenes, rett ved Fylkesveg 304, på Senum heilt nord i Evje og Hornnes. Eiendommen er hos Kartverket oppført som heilårsbustad som blir brukt som fritidsbustad. Heimelshavar (2018) er Britt Tveitaa Pedersen.
Historie
Eigedomen blei skild ut frå Bukkenes (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 21) i 1909. Han blei då kalla Lømsland; kjøparen var Nils Lømsland. I 1944 selde Nils eigedomen vidare til Karl Johan Alværn (f. 1911). Bruksnamnet er difor i dag Alværn. I 2016 overtok Britt Tveitaa Pedersen heimelen til eigedomen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 40
- Elektronisk grunnbok hos Kartverket