Alværn (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 22)
Alværn er ein eigedom (gnr. 1 bnr. 22) på Bukkenes, rett ved Fylkesveg 305, på Senum heilt nord i Evje og Hornnes. Eiendommen er hos Kartverket oppført som heilårsbustad som blir brukt som fritidsbustad. Heimelshavar (2018) er Britt Tveitaa Pedersen.
Historie
Eigedomen blei skild ut frå [[Bukkenes (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 21) i 1909. Han blei då kalla Lømsland; kjøparen var Nils Lømsland. I 1944 selde Nils eigedomen vidare til Karl Johan Alværn (f. 1911). Bruksnamnet er difor i dag Alværn. I 2016 overtok Britt Tveitaa Pedersen heimelen til eigedomen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 40
- Elektronisk grunnbok hos Kartverket