Dødsulukka ved Vassend jernbanebru 21. august 2012
Fil:Vassend 2006.jpg|thumb|Vassend jernbanebru lengst til høgre på biletet
Dødsulukka ved Vassend jernbanebru 21. august 2012 skjedde like etter klokka 15. Ei jente på 11 år og hennar to år eldre bror var ute i båt ved Vassend jernbanebru. Då båten gjekk under brua, slo jenta hovudet i brukaret. Sjølv om ambulanse, luftambulanse og redningshelikopter kom til staden, klarte ein ikkje å redde livet til jenta, som døydde i redningshelikopteret på veg til Oslo Universitetssykehus.
Om kvelden var det ope hus i Årdalshallen ved Byglandsfjord skule, der jenta gjekk i 6. klasse. Bygland kommune sitt kriseteam vart mobilisert i samband med ulukka.
Otteraaens Brugseierforening kan regulere vasstanden i Byglandsfjorden med inntil ein meter. På ulukkestidspunktet var denne 70 cm over det lågaste nivået.
Kjelde
- Erlend Olsbu og Christian Storjord: 11-åring døde i båtulykke. Artikkel i Fædrelandsvennen 22. august 2012 side 10 og 11