Valle kulturkommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. august 2010 kl. 15:20 av Ånund K (diskusjon | bidrag) (Ny side: Valle kommune var svært aktiv på kulturfronten frå slutten av 1980-talet. Det var vanlege kulturprogram, kunstutstillingar, Gjesting frå utlandet: musikk, kor og orkester, vanlegvis fas...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle kommune var svært aktiv på kulturfronten frå slutten av 1980-talet. Det var vanlege kulturprogram, kunstutstillingar, Gjesting frå utlandet: musikk, kor og orkester, vanlegvis fast kvar sommar. Kultursommar i Setesdal var samletittel på mange tema: flygeblad på 4 språk om kva kulturtilbod det var i dalen dag for dag, time for time. Det vart oppdatert 3 - 4 gongerom ssomrane og spreidde utover dalen på turistkontor, campingplassar, hotell osb. Folketonefestivalen var fast kvar sommar nokre år. Litteraturdagane i Setesdal var svært populære, og drog til seg litterært interesserte menneske frå inn- og utland. Foredraga vart utgjevne i bokform etter kvart seminar unnateke eitt. Storstilte kunstutstillingar, ein gong med religiøs kunst i Soknehuset sine to høgder og med salmekurs med sjølvaste Svein Ellingsen som lærar!