Kari Ingelsrud

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. august 2018 kl. 15:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Kari Ingelsrud)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Ingelsrud
Født: 5. januar 1960 (66 år)

Kari Ingelsrud (fødd 5. januar 1960 i Eidskog) er utdanna som klarinettist frå Oslo og Wien. Ho har jobba i Forsvarets Musikkorps Sørlandet og er no tilsett i Kristiansand Symfoniorkester. Ho er utøvar på klarinett og bassklarinett, er pedagog og dirigent.

På konserten I Bykle kyrkje onsdag 8. august 2018 ønskjer Elsebeth Lütcherath og Kari Ingelsrud å formidle lys og glede og spille nokre av dei vakraste stykka som dei veit om. Samklangen mellom klarinett og orgel er magisk, og dei to instrumenta vil klinge flott saman i den fine akustikken i Bykle kyrkje. Programmet vil m.a. innehalde to satsar frå Mozarts klarinettkonsert, ein klarinettkonsert av Molter og Massenets «Meditation».

Kjelder

  • Facebooksida til kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad