Tor Mosdøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. august 2012 kl. 23:05 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (familie)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tor Mosdøl (fødd 1943) er pensjonert lærar i Bykle kommune. Han driv og ein gard med 130 vinterfora sauer og for drifta her fekk han Kulturlandskapsprisen 2012 i Aust-Agder under landbruksmessa Naturligvis 2012. Tor Mosdøl var lærar på Bykle skule, og då fekk elevane male korn på den vassdrivne kverna og vere med på å slakte sauer og å tørke sauekjøtt. Noko av innmarka ligg i bratte Juvo og må slåast utan maskinhjelp. I tillegg til heimegarden har han og jord på Byklestøylane som han driv.

Tor Mosdøl var leiar i byggekomiteen for Bykle kyrkje. Han har vore aktivt engasjert i kyrkjeleg arbeid i Bykle i alle år. Han er gift med Brita Mosdøl og er far til Tor Hallvard Mosdøl.

Eksterne lenker