Drøymarnuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juni 2018 kl. 09:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Draumarnuten Bygland 141217.jpg
Draumarnuten er den vesle toppen ein kan skimte bak skaret og litt til venstre i biletet. Foran ligg KVS Bygland, omtrent der turløypa tek til.
Fil:Draumarnuten Bygland kart.png
Kart.

Draumarnuten er eit lite fjell (730 moh.) aust for Bygland sentrum.

Det går turløype til Draumarnuten. Startpunktet er ved Rindane bustadfelt nede i Byglandsbygda. Turen følger ei gamal tømmerslepe den første delen av løypa. Seinare går ein over på sti med varierande underlag. Det er nokre bratte parti enkelte stadar. På toppen er det eit utkikkspunkt der ein kan sjå både ned til Bygland sentrum og mot Jordalsbø. Turlengde t/r er sju kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2-4 timar.

Kjelder

  • Draumarnuten, informasjonsblad utgjeve av Visit Setesdal