Steinstogvegen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Steinstogvegen er ein bygdeveg i Jordalsbø. Han går frå Jordalsvegen (Fylkesveg 322) oppover (austover) gjennom Såghus til Steinstog, Vollen og Uppsal. Frå Steinstog fortset ein privat bomveg, Eksævegen, oppover i heia til Jordalsvatn og Øy.
Arbeidet med den «nye» Steinstogvegen tok til i 1946 og blei fullført i 1955. Midt på 1980-talet blei han nedklassifisert frå fylkesveg til kommunal veg. På 1990-talet blei traséen lagt noko om i området ved Stuttstog- og Såghusgardane.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 540-541