Segberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. mai 2018 kl. 23:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av garden)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Segberg Åraksbø 160518.jpg
Segberg 16. mai 2018.

Segberg er ein gard (gnr. 25) i Åraksbø i Bygland. Garden ligg på ei flate i lia aust for sjølve Åraksbø-bygda. Kleivegrendsvegen går oppover i lia. Ved Heggtveit går ei grein mot sør, til Segberg og vidare inn til Rosevall. Husa i garden ligg 398 moh. Frå bygda opp til Segberg er det rundt 2 kilometer.

Garden grensar mot Rosevall i sør, mot Stoplestog i nord og vest, mens utmarka til Stoplestog og Nordgarden støytar til mot aust.

Historie

Garden kan vere ei nyrydding frå ut på 1600-talet, kanskje i utmarka til Nordgarden. Kristen Gunnarson Frøysnes (f. 1855, d. 1901) eigde Segberg frå 1892. Han var gift med Birgit Olavsdotter Segberg (f. Nedstoga 1863, d. 1949). Birgit var jenta som var trulova med Alexander Seippel, men som vart svikta av den store bibelomsetjaren på bryllaupsdagen.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.