Nils Gjermund Østerhus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2018 kl. 09:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert jobbeskrivelsen på Setpro litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Gjermund Østerhus
Født: 23. april 1958 (68 år)

Nils Gjermund Østerhus (fødd 23. april 1958) er i bonde på Austerhus i Flatebygd. I tillegg er han fagansvarleg, jobbvegleiar Oppfølging, Avklaring og AFT på Setpro. Han gjekk landbruksskule i Søgne i 1978-79 og dreiv så garden samstundes som han arbeidde 6-7 år i Liegruva. Han bygde ut garden og dreiv den fram til inntektene i landbruket tok til å stupe i 1996-97. Då tok han til å studere og skaffa seg utdanning i informatikk, matematikk og pedagogikk med sikte på å bli lærar, men det vart han ikkje. Gardsdrifta vart lagd om til ammekyr og ungdyr.

Politisk hadde han bak seg ein periode i Evje og Hornnes kommunestyre for Høyre 1983-1987 før han i 2007 vart ordførarkandidat for Evje og Hornnes Senterparti. Etter valet vart han varaordførar i perioden 2007 til 2011.

Familie

Foreldra til Nils Gjermund er Søren Østerhus og Bodil Kate Østerhus. Han er gift med Ragnhild Østerhus. Ein bestefar var Nils Østerhus, og ein av oldefedrene var Søren Nilsen Østerhus (Søren stiger).

Kjelder