Spisekroken Evje Eiendom
Spisekroken Evje Eiendom er eit selskap på Evje. Det vart stifta 21. april 2015 med 30.000 kroner i aksjekapital. Heidi Ose og Vidar Madsen har kvar sin halvpart av aksjane. Selskapet har kjøpt Rysstadhuset og planla å oppføre næringsbygg på tomta. Huset er nabobygg til Spisekroken Evje på sørsida og tomta er på om lag 850 kvm. I første omgang var det parkering her inntil bygging kunne starte.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Planlegg næringsbygg på 600 kvm. Artikkel i Setesdølen nr. 29, 2018 side 4
- Om Spisekroken Evje Eiendom på proff.no