Bjørnevatn løypelag
Bjørnevatn løypelag er ei forening som vart stifta 13. mai 2011. Formålet til laget er å kjøre opp skiløyper i Bjørnevassområdet. Kontaktperson er Stein Bjarne Skaar, som også er styreleiar i laget. Med seg i styret har han Steinar Åsan, Tor D. Lunden, Tor Gunnar Hovet, Jon Ola Rysstad og Ånund H. Flateland.
Laget overtok løypemaskin frå Valle IL for å køyre opp løyper, men etter nokre år har løypekjøringa stoppa opp.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Løypemaskina på Bjørnevatn ikkje i bruk. Artikkel i Setesdølen nr. 27, 2018 side 5
- Om Bjørnevatn løypelag hos proff.no