Knut B. Bjåen
| Knut B. Bjåen | ||
|---|---|---|
| Født: | 8. april 1933 (93 år) | |
Knut Bjørgulvsson Bjåen (fødd 8. april 1933) bur på Bjåen. Han er fødd og oppvaksen der og var landpostbud i over 40 år. Han styrte og telegrafstasjon og dreiv hytteutleige ved sida av gardsdrifta. I tillegg passa han på målestasjonen for Meteorologisk Institutt og hadde ansvar for brøytinga av den kommunale vegen på Bjåen. Om vinteren sette han rypesnarer og fekk 25-30 ryper i snarene kvar dag. Desse leverte han hjå handelsmann Knut Vågslid på Edland. I 1958 opna han som turistvert på garden på Bjåen.
Foreldra til Knut var Bjørgulv Knutsson Bjåen (f. 1888, d. 1962) og Sigrid Hallvardsdotter Bjåen (f. Bjørgum 1908, d. 1940).
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Har vore ute ein vinterdag før. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2013 side 8
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band I, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 119-120