Den gamle byvegen
Den gamle byvegen var ein kløvveg som gjekk på austsida av Otra frå Vassend gjennom Evje, Iveland og Vennesla til Kristiansand. Vegen var truleg i bruk frå Kristiansand blei grunnlagt til rundt 1840, då den nye Postvegen tok over det meste av ferdsla. Nokre delar av vegen var i bruk endå lengre, heilt til byrjinga av 1900-talet. Vegen følgde for ein stor del heiane sørover mot byen, og låg ikkje nede i dalbotnen slik dei fleste vegane gjer i dag.
Dei fleste setesdølane på bytur følgde truleg vegane på vestsida av Otra sørover mot Kristiansand. Den mest kjende er Fjellmannsvegen.[1] Men det er finst mange vitnesbyrd om at dei nokre gonger også brukte kløvvegen gjennom Evje og Iveland.
Vegen gjennom Bygland

Det er tydelege spor etter den gamle kløvvegen frå Sandviksbukta og Smiesvingen rett sør for Revsnes Hotell.[2] Lokalhistorikaren Reidar Tveito har kalla vegen for Smiesvingstien her. Eit anna brukt namn er Den gamle kyrkjevegen. Folk i området nytta vegen når dei skulle sørover til Evje kyrkje eller nordover til Årdal kyrkje i Grendi.[3]
Vegen gjennom Evje
Vegen gjennom Iveland
Vegen gjennom Vennesla
Litteratur
- Håkon Honnemyr, Den gamle byvegen, trykt hefte, revidert 6. mars 2018
- Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2017