Kristian Stubseid
Kristian Stubseid (1897 - 1976) var lærar i Bygland kommune. Han tok lærarprøva i 1924 og var lærar i Austad - Heistad skulekrins frå 1926, då far hans, som hadde hatt jobben der, døydde. Han tok og over klokkartenesta i Austad kyrkje og garden dei budde på. Mor hans døydde i 1931. Kristian Stubseid var far til Vilborg Stubseid Hovet og Gunnar Stubseid.
Kort tid før han døydde, samla han dikt han hadde laga i eit manuskript som samla dikt han hadde skrive gjennom livet. Men han døydde før han fekk gjeve ut diktsamlinga, og så vart manuskriptet liggjande til Bygland Mållag gav det ut saman med ei ordliste og biografisk informasjon på Setesdalsforlaget i 1997. Sidan kom det ei ny og auka utgåve i 2007, der var biografi og ordliste tekne bort, men det var teke med ungdomsdikt frå 1917 til 1922.
Bibliografi
- Frå granden 1997
- Frå granden - ny og auka utgåve 2007 ISBN 978-82-92441-57-2