Takåsen hyttefelt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2018 kl. 08:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Reguleringsplan)
Hopp til navigering Hopp til søk

Takåsen hyttefelt er eit hyttefelt under utbygging rett nord-vest for Store Stangevatn og sør for Høgås hyttefelt, litt aust for Høgås skianlegg. Ein kem til feltet ved å gølge Fylkesveg 306 frå Evje mot Gautestad. Etter å ha passert Klepsland følger ein Høgåsvegen forbi Høgås til Høgås hyttefelt. Her går ein avstikkar sørover til Stangevatnet og Takåsen. I feltet er det regulert inn 67 hyttetomter. Hyttemodellane skiftar i storleik frå 76-160 kvadratmeter og vert selde med sjølveigartomt på 800-1500m2 inkludert vatn, straum og kloakk. Hyttene blir selde nøkkelklare. Dei kan og leverast med bod og/eller anneks om kjøparen ønsker dette.

Reguleringsplanen for Takåsen er dagsett 22. juni 2012 (PlanID 201103). Dei to første hyttene blei sette opp våren og sommaren 2017.

Kjelder