Johan H. Grimstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juli 2012 kl. 11:48 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Johan H. Grimstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan H. Grimstad (fødd 31. august 1924, død 8. mars 2006) var lærar frå Hareid kommune. Han var og komponist og var i ein lang periode dirigent for Hareid blandakor og Sunnmøre Kristelege Mannskor. Alt medan han tok lærarutdanning i Volda var han aktiv i mannskvartetten Storm, som seinare endra namn til Grimstadkoret. Dette koret hadde fleire framføringar i TV på 1960-talet. Johan H. Grimstad var æresmedlem av Norges Korforbund Sunnmøre.

I tillegg til eit aktivt liv med musikk skreiv Johan H. Grimstad også dikt. Han gav ut diktsamlinga Kornet og fredenSetesdalsforlaget i 1998, det var 2. opplag av boka, som opprinneleg kom ut på Rune forlag i 1980.

Bibliografi

  • Havet og samvitet Snøfugl forlag 2003 ISBN 82-7083-285-5
  • Kornet og freden Setesdalsforlaget 1998 ISBN 82-91820-29-5
  • Kornet og freden Rune forlag 1980 ISBN 82-523-0254-8

Kjelde