Hovdenrevyen 2017

Hovdenrevyen 2017 hadde tittelen Eit bygdefenomen med vide fullmakter. Premieren var fredag 26. januar 2018 klokka 19 på Hovden grendehus. Billettprisen var 250 kroner. Revyen vart og spelt laurdag 27. januar 2018 klokka 16 og 19. Revyen skulle ha vore spelt seint på hausten i 2017, men måtte då utsetjast fordi ein av skodespelarane hadde vore involvert i ei trafikkulykke.
Instruktør var Bjøro Hildebrandt. Musikalsk leiar: Magnus Malmedal Drågen. Arrangør: Bykle og Hovden teaterlag