Typleband

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2018 kl. 09:33 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (typleband)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Typleband er eit band som høyrer til Setesdalsbunaden. Det er eit band som blir fletta inn i hårflette eller lagt rundt håret om det er sett opp i topp. Ordet «typle» har samanheng med topp i tydinga hårtopp. Slikt band er kjent tilbake til 1600-talet.

Bandet er vove på bandvevrei med renning av bomullstråd og med innslag av ulltråd der raudt er hovudfarge. Opphaveleg var garnet heimespunne, men sidan vart det vanleg å bruke «løyegån», laust tvinna fabrikkspunne ullgarn. Mønsteret kan vere kross og kringle, doble krossar eller sikk-sakk. Breidda er 2 cm og lengda er tilpassa lengda på håret, 2,5 - 3 meter. Det blir avslutta med ein dusk.

I 2018 laga ein Kjell Einar Kana i Kreativ Videoproduksjon ein dokumentasjonsfilm om typleband for Setesdalsmuseet. Den syner May-Lis Flateland i arbeid ved veven.

Kjelder