Austre Sveindal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. desember 2017 kl. 09:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Austre Sveindal (Audnedal))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Austre Sveindal er ein gard (gnr. 71) på austre sida av MandalselvaSveindal i Grindheim nord-aust i Audnedal. Grannegardane i aust ligg i Evje og Hornnes kommune.

Litt sør for sjølve gardsbruka ligg Sveindalskrysset, eit sentralt vegkryss med noko nyare busetnad rundt.

Gjennom garden og ut i Mandalselva renn Nordåna. Den gamle «hovudvegen» gjennom Mandalen gjekk gjennom Austre Sveindal, over Nordåna på Nordåna steinkvelvbru og fortsatte gjennom Mørkedalen mot Åseral].

Kjelder

  • Magnus Breilid, Grindheim gards- og ættesoge, band I, 1966, side 371-393