Dalen (Bygland gnr. 12 bnr. 17)
Dalen er ein om lag 5 daa stor eigedom på Moi i Bygland. Svein Næss (f. 1959), opphaveleg frå Søgne, har eigedomen i dag.
Dalen var frå først av husmannsplass under bnr. 2 på Moi. Plassen blei rydda i 1890-åra av Tellef Osmundson Langeid (f. 1833, d. 1904). Etter han hadde sonesonen Olav Svenkeson Moi (f. 1898, d. 1980) eigedomen i mange år. Plassen blei skyldsett i 1929 som bnr. 15 saman med skogstykket Storemyrstykket. Etter ei oreigningssak i 1932 fekk Dalen aleine gnr. 17.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 592-594