Drøymarnuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. desember 2017 kl. 11:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Draumarnuten Bygland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Draumarnuten er eit lite fjell (730 moh.) aust for Bygland sentrum.

Det går turløype til Draumarnuten. Startpunktet er ved Rindane bustadfelt nede i Byglandsbygda. Turen følger ei gamal tømmerslepe den første delen av løypa. Seinare går ein over på sti med varierande underlag. Det er nokre bratte parti enkelte stadar. På toppen er det eit utkikkspunkt der ein kan sjå både ned til Bygland sentrum og mot Jordalsbø. Turlengde t/r er sju kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2-4 timar.

Kjelder

  • Draumarnuten, informasjonsblad utgjeve av Visit Setesdal