Apollonius Johan Liljedahl
Apollonius Johan Liljedahl (fødd 14. april 1875 i Lavik i Sogn) var prest i Valle frå 1909 til 1916. Han var son til Edvard Liljedahl. Han tok artium ved Ålesunds offentlige høyere almenskole i 1895 og teologisk embetseksamen i 1902. Deretter var han kapellan hos soknepresten i Dovre, R. Hornemann. 28. november 1903 vart han utnemnd til sokneprest i Tana i Finnmark, dit kom han i 1904. 27. februar 1909 vart han utnemnd til sokneprest i Valle. Medan han var i Valle, var han formann i Valle kristelege ungdomslag. 14. juli 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jølster for å gjere teneste i Vik. Han reiste frå Jølster til Asker 31. august 1921 og kom deretter til Øvre Eiker i 1928. Der døydde han i april 1940.
Kjelder
- Olav Brottveit: Prestar i Valle. Arikkel i Valle kyrkje 1844-1944 side 27