Lognadalen
Utsjånad
Lognadalen er eit dalføre i Bygland og Åseral. Det strekker seg frå heietraktene i Bygland vesthei i nord sørover til Kyrkjebygd. I dalbotnen renn elva Logna. I Bygland ligg heiegarden Ånebjør. Sør for Ånebør, over grensa til Åseral, ligg den nedlagte heiegarden Helleren. Vassmagasinet Juvatn fyller opp dalbotnen her. I søre enden av Juvatn ligg Juvassdammen. Vidare sørover i dalen kjem ein til Austegard og Lognavatn. Etter Lognavatn ligg gardane Røynli, Eikild, Rosseland, Honna, Smeland og Torsland på rekke og rad nedover dalen.