Gamle Vikelid (Nordre Sandnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. november 2017 kl. 21:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gamle Vikelid Sandnes)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamle Vikelid var ein husmannsplass under VikfjellNordre Sandnes i Bygland frå slutten av 1700-talet og om lag 100 år framover. Rydningsmannen var Olav Knutson Skomedal (f. 1758, d. 1840).

I 1890-åra flytta Torjus Olavson frå Vikelid til ein plass 600-700 meter lenger nede (sør) langs bygdevegen. Han tok med seg Vikelidnamnet til den nye plassen. For å skille dei to plassane frå kvarandre, taler ein i dag om Gamle Vikelid og Nye Vikelid. Samstundes som Torjus Olavson flytta, eller nokre få år seinare, blei det folketomt i Gamle Vikelid.

Den gamle løa står framleis i det bratte jordet.

Kjelder