Nygard (Birkenes gnr. 127 bnr. 2)

Foto: Geir Daasvatn
Nygard er eit nedlagt småbruk (gnr. 127 bnr. 2) rett ved Fylkesveg 42 på Myklebostad i Vegusdal i Birkenes. Dagfinn Løvgren på Byglandsfjord er heimelshavar.
Det første skulehuset i Vegusdal, Nygard skule, blei oppført på denne eigedomen i 1882.
Historie
Garden blei rydda som husmannsplass under Myklebostad på slutten av 1600-talet. Rydningsmannen var Gunder Olsen Myklebostad-Nygaard (f. 1648, d. 1746). I 1862 blei plassen frådelt bnr. 1, og skyldsatt som eige bruk.
Halvor Gundersen Homdrum (f. 1898, d. 1960) frå Åmli kjøpte Nygard i 1930. Sonen Jakob Kvamme Homdrum (f. 1934, d. 2011) overtok bruket i 1959 og budde der med familien til 1974. Då flytta dei til Byglandsfjord. Etter det har Nygard vore nytta som fritidseigedom.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, 1995, side 69-75
- Vegusdal - Kultursoge, side 147