Tveitsund bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. oktober 2017 kl. 00:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av brua)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Tveitsund bru Treungen 061017.jpg
Tveitsund bru 6. oktober 2017.

Tveitsund bru er ei steinkvelvbru på Rv-41 (Telemarksvegen) ved utlaupet av innsjøen Nisser i Treungen i Nissedal i Telemark. Brua blei bygd i 1918. Ho er 62,1 meter lang, og er landets nest lengste steinkvelvbru med eit spenn på 51 meter. Breidda er fem meter, og køyrebanen fire meter. Ho er for smal for to køyretøy til å møtast, så ho er lysregulert. Brua er eit stykke ingeniørkunst av høg klasse. Ho er freda (1999) for å vere eit synleg minne om utviklinga av kommunikasjon og vegbygging.

Kjelder