Bygland ambulansestasjon
Bygland ambulansestasjon ligg rett sør for Byglandsheimen i Bygland. Stasjonen blei offisielt opna 3. oktober 2017 med snorklypping av ordførar Leiv Rygg. I tillegg til rom for ambulansar har bygget ein eigen del for bilar og utstyr for heimesjukepleien.
Evje Bygg var totalentreprenør for bygget.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Opna ambulansestasjon i Bygland, artikkel i Setesdølen nr. 68, 2017, side 7