Ingvild Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2017 kl. 09:44 av Ingvildhovden (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvild Hovden
Født: 17. april 1978 (47 år)

Ingvild Hovden (fødd 17. april 1978) har tidlegare vore prosjektleiar i Bykle & Hovden Vekst og sals- og marknadsansvarleg på Hovden Resort. I 2010 starta ho Hovdenkontoret, der ho mellom anna tek på seg rådgjeving, prosjektleiing, marknadsføring, skriving av byggjesøknader og meir. Ho var festivalsjef for Rekordfestivalen frå 2008 - 2016. Ho var prosjektleiar for HovdenTour sidan oppstarten i 2012, og blei tilsett som dagleg leiar i 2016. I tillegg er ho styreleiar for Bykle Breiband AS. Ho var også styremedlem og styreleiar for Sørf - Sørnorsk kompetansesenter for musikk i perioden 2014 - 2017.

Ho har bachelorgrad i offentleg administrasjon frå Universitetet i Agder, og utdanning innan prosjektleiing og styrekompetanse frå BI.

Kjelder