Ingvild Hovden
| Ingvild Hovden | ||
|---|---|---|
| Født: | 17. april 1978 (47 år) | |
Ingvild Hovden (fødd 17. april 1978) har tidlegare vore prosjektleiar i Bykle & Hovden Vekst og sals- og marknadsansvarleg på Hovden Resort. I 2010 starta ho Hovdenkontoret, der ho mellom anna tek på seg rådgjeving, prosjektleiing, marknadsføring, skriving av byggjesøknader og meir. Ho var festivalsjef for Rekordfestivalen frå 2008 - 2016. Ho var prosjektleiar for HovdenTour sidan oppstarten i 2012, og blei tilsett som dagleg leiar i 2016. I tillegg er ho styreleiar for Bykle Breiband AS og Sørf - Sørnorsk kompetansesenter for musikk fram til 2017.
Ho har bachelorgrad i offentleg administrasjon frå Universitetet i Agder, og utdanning innan prosjektleiing og styrekompetanse frå BI.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Har opna Hovdenkontoret. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2011 side 4
- Vil drive Hovdenkontoret på heiltid. Artikkel i Setesdølen nr. 3, 2013 side 5