Klunkaren

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. juni 2012 kl. 15:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Innspelingar: lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klunkaren er ein av dei slåttane som er mest spela i Setesdal. Han finst i mange variantar. I tekstheftet til Slinkombas og bas igjen skriv Gunnar Stubseid at «slåtten kan ha kome austanfrå med Neri Neset (1838-1883) frå Bygland som lærde av Petter Veum og Myllarguten (1799-1872).»

Namnet på slåtten kjem av klunkinga. Slåtten vart og kalla «Neri Nesets minne», for den var eit av meisterstykka til denne spelemannen. Gunnar Stubseid lærte den av Andres K. Rysstad, men har nok og blitt inspirert av måten Olav Heggland (1887-1974) spelte slåtten på.

Kjelde

Innspelingar

Eksterne lenker