Flåt gruve tilfluktsrom I (1943)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. august 2017 kl. 12:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Flåt gruve tilfluktsrom I)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Flåt gruve tilfluktsrom I blei bygd av tyskerane i 1943. Bakgrunnen var at eit alliert fly hadde kome over Flåt gruve og tok spionbilete. Tyskerane bygde då to tilfluktsrom inne i fjellet, eitt ved Loddsynken (Øvre anlegg) (tilfluktsrom II) og eitt lenger nede i terrenget ved flotasjonsanlegget (tilfluktsrom I).

Flåt gruve blei aldri bomba av dei allierte. Truleg skuldast det at det allierte bombeangrepet mot Knaben molybdengruve tidlegare hadde kosta mange norske liv.

Kjelder

  • Plakat/oppslag ved Flåt gruve, tilfluktsrom I, sett opp av Evje og Hornnes kommune