Ringeriksbua
Ringeriksbua var ei lagerbu for reservedelar til gruvedrifta ved Flåt gruve i Evje. Ho er ein av dei få bygningane som står att etter gruvedrifta.
Ringerike Nikkelverk hadde same eigar som Evje Nikkelverk. Ringerike Nikkelverk blei lagt ned i 1932. Utstyret frå den verksemda blei då overført til Flåt gruve som reservedelar. I 1937 blei det bygd ei ny lagerbu til utstyret frå Ringerike. Lagerbua blei heitande «Ringeriksbua».
Kjelder
- Plakat/oppslag ved Flåt gruve, laga av Evje og Hornnes kommune