Aga-Byre-ætta
Aga-Byre-ætta er ei kjend adelsslekt i Norge. Ættegranskarar fører ætta tilbake til riddar Ogmund Peterson Byre (død ca. 1332) på Byre i Ryfylke, og i nokre tilfelle endå lenger. I Konsmoboka meiner forfattaren Tore Bergstøl at greiner av ætta «nokså sikkert» går tilbake til Trygve Olavson og dermed Harald Hårfagre. Son til Ogmund, Arnbjørn Ogmundson Byre (d. ca. 1350) kom til Aga i Hardanger ca. 1340. Etter han har ætta fått namnet.
I Setesdal meiner ein å vite at ei grein av ætta kjem inn på Ose. Toralde Bergulvson på Øvre Egeland i Kvinesdal var etterkomar etter Arnbjørn Ogmundson. Toralde hadde dottera Ragna Toraldesdotter, gift med Torjus Aslaksjon Rike i Valle. Ragna og Torjus var tipp-tippoldeforeldre til Gunnulv Halvorson Rike. Han blei gift med Torbjørg Olavsdotter Rike og kom til Ose.
Eivind Ose fekk i 1967 trykt opp eit lite hefte, Ose Aga Byre Ætti. Det er skrive på rim. I 32 vers følger han ætta frå Peder Pederson og Ogmund Pederson fram til Torgeir Danielson Ose (f. 1902, d. 1978).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 462-465
- Tore Bergstøl, Konsmoboka, bind I, Gardar og ætter, side 431