Aga-Byre-ætta

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. august 2017 kl. 09:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Aga-Byre-ætta)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aga-Byre-ætta er ei kjend adelsslekt i Norge. Ættegranskarar fører ætta tilbake til riddar Ogmund Peterson Byre (død ca. 1332), og i nokre tilfelle endå lenger. I Konsmoboka meiner forfattaren Tore Bergstøl at greiner av ætta «nokså sikkert» går tilbake til Trygve Olavson og dermed Harald Hårfagre.

I Setesdal meiner ein å vite at ei grein av ætta kjem inn på Ose. Toralde Bergulvson på Øvre Egeland i Kvinesdal var etterkomar etter Arnbjørn Ogmundson Byre, son til Ogmund Peterson. Toralde hadde dottera Ragna Toraldesdotter, gift med Torjus Aslaksjon Rike i Valle. Ragna og Torjus var tipp-tippoldeforeldre til Gunnulv Halvorson Rike. Han blei gift med Torbjørg Olavsdotter Rike og kom til Ose.

Eivind Ose fekk i 1967 trykt opp eit lite hefte, Ose Aga Byre Ætti. Det er skrive på rim. I 32 vers følger han ætta frå Peder Pederson og Ogmund Pederson fram til Torgeir Danielson Ose (f. 1902, d. 1978).

Kjelder