Senumsbåtane

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. august 2017 kl. 09:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Senumsbåtane var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på Byglandsfjorden, mellom Gullsmedmoen og Ose, før dampbåtane DB Dølen og seinare DB Bjoren kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Truleg var det fleire mann som måtte til for å ro båtane. Dei skal også ha hatt segl.

Det var bøndene på Senum i Hornnes som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene nok meinte dei hadde einerett på henne.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.